jun 192014
 

dritogdra
Trass i at containeren ved båthamna i Gråsidalen berre var halvfull, flaut det av søppel på utsida. Ille, meiner fleire som har vore i kontakt med lokalavisa.

Sidan pinsehelga har posar med matavfall og anna søppel lagt utanfor ein container ved gjestehamna i Gråsidalen. Folk som bur på Prestaneset er slett ikkje nøgde med situasjonen. Ei av dei er Hilde Hevrøy.
– Det er forferdeleg at me skal ha det slik. Det har stått i vekevis, og det luktar og tiltrekkjer seg rotter. Dette er skulevegen til barna våre, seier Hevrøy som i tillegg meiner at søppelbehaldaren er så skjemmande at båtfolk vil kvia seg for å leggja til kai i området. Ein storebømann fortel at søppelet har vore eksponert for vêr og vind i snart to veker.

Les heile artikkelen i Marsteinen på papir eller PDF.