jun 202014
 

Frå Mjuken, via Gamle prestagarden til Bekkjarvik. Frå topp til vassflata. Neste veke flekkjer øyane til med den friske aktivitetsfestivalen sin.

 

667-festivalen gjev høve til salt i håret, moro og kanskje litt konkurranseinstinkt for dei som kastar seg med på triathlon eller lagbyggingsmoro. Foto: Siren Økland.

667-festivalen gjev høve til salt i håret, moro og kanskje litt konkurranseinstinkt for dei som kastar seg med på triathlon eller lagbyggingsmoro. Foto: Siren Økland.

667-festivalen er ikkje fyrst og fremst mynta på dei som likar blodsmak i kjeften eller overdose av adrenalin, men er meir folkeleg tillaga enn det. Midtsommarfeiring på Hufthamartunet, tur til Storekalsøy sitt høgdedrag, lagbygging i form av Mesternes mester og minitriathlon i regi av det lokale helsesenteret – det siste i samarbeid med sykkelklubben – er berre noko av det som står på programmet. Siren Økland fortel at triathlonen legg opp til sykling, løping og symjing av lag med tre deltakarar i ulike aldersgrupper. Og leiaren av reiselivslaget, Asta Johannessen gler seg over programmet.

– I fjor hadde me på sett og vis prøvesteinen på 667-festivalen. No har me straumlinjeforma konseptet meir, seier Asta Johannessen som òg har fått stjernetvillingane sine til å lova å laga smakebitar på sild heime i «Vikje. Kan vera rett så godt, men Bocuse d’Or-kokk Ørjan har tidlegare sagt at sild kanskje er den største utfordringa av dei mest kjende fiskeslaga.

Turlag, padleklubb og seglforeining stiller òg opp i samband med festivalen. Nytt av året er at nyfikne fyrstereisseglarar kan melda interessa si og verta med ein røynd seglar i oselvaren. Dette arrangementet går ut frå Gråsidalen, der seglforeininga har klubbhuset sitt.