jun 262014
 
Her vert varaordførar Edvard Johannes Stangeland utfordra til å vera forsongar.

Her vert varaordførar Edvard Johannes Stangeland utfordra til å vera forsongar.

Med sol, god mat av AIK symjegruppa, lokale og kjente artistar og eit fantastisk publikum kunne ikkje Allsong i Austevoll vorte betre.

– Der er jammen flott i Halden, men når jeg kommer hit til Austevoll så må jeg si at det er virkelig helt fantastisk fint her, fortalte Katrine Moholt då ho var ferdig med opningsangen. I tradisjon tru byrja sjølvsagt allsongen med En solskinnsdag. Etter ei oppløftande opning med god stemning og song hadde mange allereie fått sommarkjenslene på plass, no venta både song og ein latter då Rune Larsen kom opp på scena. Med Lollipop-potpurri av Rune Larsen steig stemninga berre meir og meir, prikken over i’en her var då han slo til med morosame og kjekke vitsar mellom Moholt og han sjølv. Publikum lo godt.
Det braka laust då Eirik Søfteland inntok scena med songen Don’t Let the Sun. Publikum var heilt i hundre og ein kunne sjå at for den yngre klassen var han garantert ein av favorittane.

Les heile artikkelen i Marsteinen på papir eller PDF.