jun 262014
 

hartley02
”Skal dei flytta att allereie?” spør folk seg når dei ser annonsen for å leiga eitt av dei kommunale husa på Møkster er aktiv att. Ja, dei skal flytta, men ikkje lenger enn eit steinkast unna. Engelske Daniel og Denise Hartley har nemleg funne sin plass på kloten.

Dårleg med arbeid
Vanskelege arbeidstilhøve i Lancashire, ein tettstad utanfor Manchester, gjorde at Daniel og Denise Hartley for eitt år sidan tok med seg dei tre yngste barna sine og flytta til Noreg. Daniel er tømrar, og arbeidde dei siste åra med å byggja fleire supermarknadar.
– Men ein arbeidskontrakt vara berre i tre månader i slengen. Kvar jul missa eg jobben, og eg kunne venta til uti april før det igjen var arbeid å få. Slikt gjev ingen motivasjon. Det tredje året var me leie av situasjonen, og bestemte oss for å flytta.
Familien reiste fyrst til Halhjem, der Daniel fekk seg arbeid som tømrar. Men utan å kjenna nokon eller kunna eit einaste ord norsk, var det ikkje det sosiale nærsamfunnet familien hadde sett føre seg.
– Me såg oss om på nettet etter andre stadar ikkje så altfor langt unna, då me kom over annonsen om eit hus til leige på Møkster.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.