jun 262014
 

PO 2
Ein heidundrandes fest står på programmet til Pleie- og omsorgssenteret, like frå 1300 til 1400, med vin, brus, øl og kaffi, for ikkje å gløyma sjølve anledninga; to superkokkar og fiskebordet deira.

Dei tilsette, for høvet med fint bretta husmorsklede over armen, går turen andaksleg rundt borda og kjem med vintilrådingar, medan brørne Rysjedal legg opp forretten – norsk fiskesuppe med ein tøttsj av orienten og fisk i alle regnbogens fargar.
– Me hadde lyst å gjera noko for mor og dei andre her, og Sissel føreslo fiskefest, fortel Tor Harald som saman med broren Arnt Iver har teke fri i to dagar for å koka til gildet.

Travel førsommar
Aktivitator? Aktivitør? Aktivitaus? Sissel Fagerbakke har i alle høve og titlar ansvaret for at den sosiale trivselen er i taket på senteret, og har hatt ein travel vårpart med utfluktar, arrangement og no fiskefest. Då rysjedalane tok kontakt og føreslo eit fiskesuppemåltid, auka ho innsatsen med kaldtbord og fellesmiddag for heile senteret, som klimakset før ho tek ferie for sommaren. Eit knippe frivillige har ho òg fått med seg, som joggar lett rundt i lokalet med Mozel og fiskesuppe.
– Festen er for både tilsette og innfødde, men denne gongen lyt slektningane vera servitørar om dei skal vera med.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.