jun 262014
 

Marsteinfyr_Optitz
Marstein fyr har såvisst ikkje blitt sletta frå kartet. For Ole Martin Opitz og hotellet hans er det sjølve esset i ermet.

Sjølv i 13 sekundmeter nordvest er turen frå Sveholmen til Marstein fyr som ein transportetappe å rekna med ein RIB-båt med 600 hestekrefter, fordelt på to store utanbordmotorar. Sjøsprøyten gjev likevel ein effekt som morgonkaffien nokre timar tidlegare berre kunne drøyma om.
– For oss er det sjeldan vêret er noko problem. Dei få gongane det er for rufsete å setja i land folk med båt, tilbyr me helikopter eller trekkjer arrangementa inn i hotellet, seier hotelldirektøren, som har med seg teknikaren Kristoffer Johnsen. Han skal sjekka om breibandslinken er god nok til å visa Russland sin VM-kamp på laurdag. 17 russarar av den pengesterke sorten hoppar då i land på fyrholmen, og utstyret bør helst fungera.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.