jun 262014
 

Eilert teke
Beinskrokjen viste seg frå si beste side, då familien Møgster inviterte til dåp. Gudmor Unni Mjanger Møgster (biletet) var stolt over dåpsbornet sitt.
– Det er ærefullt og fantastisk kjekt å få lov å døpa båten, me er så kry, kom det frå bunaden.

Det to år lange svangerskapet er over, ti månader etter termin er det ein stor og blank ringnotbåt som ligg til kai. Vimplane vaiar, mannskapet sine blå kjeledressar står stolt mot det kvite rekkverket på båten, det vrimlar av folkeliv. Det er mange skuelystne som hadde samla seg og teke turen, då familien Møgster inviterer til feiring av deira nye «Harvest».