jul 022014
 
Kim Halvorsen og detektoren hans vil gjerne vera med å fiska leppefiske i eit område utanfor Havbruksstasjonen. Forskarane ber fiskarane ringa Kim (400 16 601) eller Reidun (900 71 309) dagen dei legg ut teiner eller ruser rundt Notaneset.

Kim Halvorsen og detektoren hans vil gjerne vera med å fiska leppefiske i eit område utanfor Havbruksstasjonen. Forskarane ber fiskarane ringa Kim (400 16 601) eller Reidun (900 71 309) dagen dei legg ut teiner eller ruser rundt Notaneset.

Doktorgradsstudent Kim Halvorsen ynskjer å henga seg på dei som fiskar leppefisk mellom Notaneset og Veggjaneset.

Levemønsteret til leppefisken, han som vert fiska i hopetal og nytta til å tyggja lus av oppdrettsfisk, er noko som fengjar forskarane ved Havforskingsinstituttet.
Prosjektet tok til i fjor, då forskarar frå avdelinga i Flødevigen kom opp og ID-merka 120 grøngylt i eit avgrensa område ved havbruksstasjonen på Haukanes. Dette var eit pilotprosjekt for å finna ut om merkinga var ein måte å lokalisera fisken på.
– Av dei 120 fiskane som vart merkte i fjor, har me fiska opp att 20, og det berre frå halve forskingsområdet. I år er 720 nye individ merka, og 150 av desse gjenfiska – nokon heile fire gongar. Dette understrekar at grøngylten er svært lokal, fortel Kim Halvorsen som om eitt år leverer doktorgraden sin om nettopp denne leppefisken.

Skal fiskast som vanleg
Halvorsen er saman med forskarane Anne Berit Skiftesvik og Ann Christine Utne Palm og overingeniør Reidun Bjelland i full gang med merking av fiskar i tre område. I tillegg til reservatet ved stasjonen og studieområdet rundt Geitholmen, der dei ikkje ynskjer at det vert fiska med ruse, teine eller garn, vert ei om lag 400 meter kystlinje rundt Notaneset og Veggjaneset nytta som referanseområde.
– Her vil me at det skal fiskast leppefisk som vanlig, men me ber fiskarane kontakta oss same dag som rusene eller teinene vert sette ut, slik at eg kan vera med i båten når dei vert dregne att, seier Halvorsen. Med seg skal han ha ein kvit detektor han tek over fangsten. Denne registrerer straks om nokon av dei ID-merkte fiskane er fanga.
– Kvar av fiskane har fått sitt eige nummer i ein slik liten chip, akkurat som med merking av husdyr, forklarar Reidun og viser den vesle, passive radiosendaren. Denne har vore i kontrollforsøk før han vert nytta, og har ingen påverknad på utviklinga eller levemønsteret til fisken.

Snikar vs hann
I samband med granskinga har forskarane filma leppefisken under vatn. Når hannane byggjer reir, vaktar det, og slepp berre inn hofisk som vil leggja egga sine på innsida. Det er i denne vakt-situasjonen at kan hannane verta lurte av dei såkalla snikarane; grøngylt som ser ut som ei ho, men som er ein hann. Medan vakta trur at her kjem ei dame med fleire egg i reiret, lurer snikaren seg inn og legg mjølka si over og befruktar egga som allereie er der. Om snikarar òg kan verta fedrar til ekte hannar, er enno uvisst.
Når fiskarar får leppefisk som er under eit visst mål, går han ofte i sjøen att. Både snikarar og hoar er ofte under dette målet, noko som gjer at forskarane òg jobbar med å finna ut om det er fleire snikarar enn hannar i havet. I forskarsamanheng er det kort tid sidan leppefisken vart interessant for næring, og det er difor heller ikkje gjort mykje forsking på han før dei seinare åra.

Filmane forskarane har gjort med GoPro-kamera, kan du sjå her:
https://www.facebook.com/marinecenternorway?hc_location=timeline

May Linn Clement