jul 032014
 

Elektrolinja på Austevoll vidaregåande skule er nedlagd frå hausten av, men benkane rekk ikkje få støv på seg.
Skulen har nemleg fått godkjenning til å driva høgspentkurs, truleg som ein av tre på landsbasis. Utstyret vert levert av Electro Automation Austevoll, og samarbeidet med det lokale næringslivet har igjen sytt føre topp-moderne opplæringsanlegg på skulen.

Den gamle elektrolabben på Austevoll vidaregåande skule skal ribbast og eit toppmoderne høgspentanlegg skal monterast bak glasveggar slik at alle trygt kan studera i detalj.

Den gamle elektrolabben på Austevoll vidaregåande skule skal ribbast og eit toppmoderne høgspentanlegg skal monterast bak glasveggar
slik at alle trygt kan studera i detalj.