jul 102014
 

Hovudbilete Marius
Striden mellom gardsbrukarar og rovdyr er meir dagsaktuell enn nokon gong, men du må ikkje tru det er eit nytt fenomen. Arkeolog Anders Magne Rabben tek med Marsteinen for å sjå korleis austevollingane forsvarte buskapen i fordums tid.

– Onkelen min, som vart 93 år, fortalde meg at dei la ut åte festa på ein tråd, og så drog dei ørna og åte sakte mot seg.
På Rabbafjellet trakkar Anders i barndomsspora sine, sjølvsagt opp den brattaste lia, mot det han kallar ørnehytter. Landskapet er drastisk endra av brakebrannane i fjor, og stien er ein saga blott, men Anders veit om heile åtte hytter berre på Selbjørn så me skal klara å finne ei og anna uansett.
– Nokre av hyttene er bygde i nyare tid, for hjortejakt og slikt. Andre er så gamle at dei kan ha nytta boge og pil i jakta.
I staden for å svinga inn på dei merka turløypene går me mot eit pass i fjellet, og på det interne kompasset til Anders.

Tolamot
Under ein knaus, i ly for vêr og i skjul frå speidande auge, finn me ein steinring med rom for om lag ein person inni, om ein ikkje er kresen på ergonomien. I sittande stilling, med ei helle til tak, sat ørnejegerane og venta. Venta og venta.
– Dei laut krypa inn før sola gjekk opp, og venta på ravnen. Ørna kom gjerne ikkje før åtselfuglane hadde inspisert byttet.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.