jul 102014
 

3glade Ironmanna
Den store styrkeprøven Ironman 70.3 i Haugesund, besto den kondisjonssterke trioen frå Austevoll med glans.

– Ei fantastisk oppleving, Haugesund by var snudd på hovudet til ein enorm folkefest, fortel Trond Solbakken. I gatene var det tusenvis av folk som både heia fram og hadde møtt opp for å få med seg den store hendinga. I triatlonen la den godt førebudde gjengen ut på ei løype på 1,9 km symjing, 90 km på sykkel og 21,1 km med springing. 1650 påmelde hoppa i sjøen klokka 08.00, det heile var i gang. Frå høgtalarane til speakeren kunne det høyrast over den store folkemengda.
Me har i år med oss deltakarar frå alle verdas land, Japan, Hawaii, og så frå Austevoll. Noko som vart gjenteke då han såg dei karakteristiske draktane frå Austevoll sykkelklubb både i vasskorpa og ved målstrek. Bemerka gjor karane seg i Haugesund, ikkje berre i løypene.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.