jul 102014
 

NY Kriken
Sunnmøringen Kjetil Kriken (25), er klar for å ta ordet i den nyoppretta stillinga som kommunikasjonsrådgjevar for Austevoll kommune.

– Då eg kom til Austevoll fekk eg umiddelbart eit godt inntrykk. Frå kommunen som organisasjon, det spennande næringslivet, til korleis det ser ut her, fortel ørstingen.
– Bygda er balsam for sjela, held Kriken fram, og slår entusiastisk ut med hendene frå kontorpulten. Kommunen sin aller fyrste kommunikasjonsrådgjevar har sidan mai arbeidd i prosjektstillinga som skal vare ut året.
– Eg valde meg vekk frå dei tradisjonelle PR-yrka i store byråa i Oslo. Innafor kommune og stat må du forhalde deg til eit regel-og rammeverk. Dette trigga meg, det blir ei anna form for utfordring, fortel han.

Møt Kjetil i Marsteinen på papir ellr PDF.