jul 102014
 

Trådløs
For andre gang, i alle høve i grove trekk, har Austevoll kraftlag og Lysglimt bestemt seg for å vera føregangsgjengarar på internettfronten i Noreg. Trådløs Austevoll er ein realitet.

Kulturbakeriet har fått tilknytingspunktet sitt for trådlaust internett, så vel som Sentrumsbygg på Storebø, Tonnings Mathus og Bekkjarvik Gjestgiveri. Målet er at ein kan rusla fritt rundt i folketette område og vera på trådlaust nett, både inne og ute.
– Me har som mål å opna nettet offisielt under Kystsogeveka, i slutten av august. Fram mot det kjem me til å tilby uttrekte kundar å freista nettet, som eit testpanel.
Arild Nilsen ved Lysglimt er i ferd med å ferdigstilla Gamle Prestegarden sitt nett, eit nett som fekk ei uttesting i skjul under Allsong-konserten.
– I løpet av dagen var det i snitt eit 20-talls brukarar som fann netter og kopla seg til, og det fungerte bra.
Til opninga av nettet skal montørane sette opp til saman 147 trådlause sendarar, mellom anna på Kongsen, spesialretta mot turgåarar med utprega selfie-trong.

Marius Løbø Fimland