jul 102014
 

på berget
Etter å ha budd på andre sida av kloten for sonen sin Tanachote (9) i tre år, kunne Rungtawan Vågen i vår henta han til Noreg.

I ei nyoppussa stove i Kolbeinsvik sit ein niåring og speler på ei lita datamaskin, medan ein gut på tre går rundt på golvet og luftar leike-hunden sin. Tanachote og Mario er brør, men har berre budd saman i nokre månader.
– Mario ser veldig opp til storebror, og vil helst gjera alt som han, seier mamma Rungtawan (30) og smiler stolt mot gutane. Endeleg har ho begge barna sine i same stove.

Brå start i Noreg
Det gjekk fort i svingane då Rungtawan vart gravid med kjærasten Espen, og i utgangspunktet berre var på ferie i Noreg våren 2011. I femte svangerskapsmånad fråråda legen henne å reisa attende til Thailand, då diabetesen hennar krov hyppige målingar av blodprosent og insulinsprøyter ved kvart måltid.
– Me vart råda til å gifta oss og bli verande i Austevoll til barnet var fødd. Eg ville gjerne gifta meg, men hadde ikkje sett føre meg å vera høggravid når det skulle skje, seier Rungtawan og ler.
8. mai 2011 vart dei vigde i Austevoll kyrkje, og ein dryg månad seinare kom Mario til verda.
Espen hadde vore heime med kona i Drøna dei siste månadane før fødselen, men måtte reisa på arbeid att då Mario var ein månad gamal. Forutan familien, var det ingen Rungtawan kjende i Austevoll.
– Den fyrste tida eg var aleine med Mario hadde lengta eg spesielt mykje heim til Thailand, til familien min og Tanachote. Eg kunne ikkje mykje norsk, og møtte sjeldan på folk – berre sauer!
Rungtawan synest Drøna er ein nydeleg stad, men upraktisk å bu når ein ikkje har sertifikat.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.