jul 172014
 
Urovekkjande mange beslag av teiner. Her tek Thomas Eriksen i mot ei ulovleg teine frå kollega Morten Aarnes og Statens naturoppsyn sin mann, Hartvig Haugen.

Urovekkjande mange beslag av teiner. Her tek Thomas Eriksen i mot ei ulovleg teine frå kollega Morten Aarnes og Statens naturoppsyn sin mann, Hartvig Haugen.

På ei lita stripe mellom Kolbeinshamn og Blænesøya tok politiet i går beslag i ei overraskande mengde fangstreiskapar – flesteparten teiner.

 

Umerkte teiner, eitt garn som var umerkt og reist i frå og ei mengde teiner med for liten fluktopning til hummaren. Det var den nedslåande fangsten det lokale politiet og Statens naturoppsyn fekk då dei tok turen frå Kolbeinshamn til Blænesøya i går.

– Eg synest det var mange beslag for å vera eit såpass lite område, seier Hartvig Hauge i Statens naturtilsyn, etter at fartøyet «Havsvala» hadde lagt til kai og politiet sine beslag skulle lastast opp på kaien til lensmannskontoret sitt lager.

 

Reglar

Politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy er òg overraska over dei mange beslaga, men trur at mykje skuldast at folk ikkje set seg godt nok inn i gjeldande reglar.

– Rømmingsvegane på teinene skal vera åtte centimeter, og på mange av desse teinene er det berre å skjera bort ein klips, så vert opninga korrekt, demonstrerer Bjånesøy. Han oppmodar hobbyfiskarar til å gå inn på fiskeridirektoratet si heimeside for å studera regelverket før utstyr vert sett i sjø.

– Ein har sjølv ansvaret for å fiska lovleg, og det er trass alt mykje dyrt utstyr å sjå blant beslaga, seier Bjånesøy, som òg måtte konstatera at eit av dei ulovlege teinene hadde fanga hummar. Han vart naturlegvis straks returnert til dette rette elementet sitt.

Om nokre av beslaga kan skuldast mangelfull kunnskap, var andre klare ulovlege forsøk på å skaffa seg hummar i fredingstida. Attknytne rømmingsvegar og umerkte flær er tydelege teikn på intensjonane. Dessutan har Bjånesøy og kollegane hans i politiet kome over eit garn som har gjeve dei vondt over hjarta.

– Kven er det som set eit garn, og ikkje dreg det oppatt. Her fann med eit garn som hadde gamal roten fisk i seg, i tillegg til nyare fangst. Det er heilt forferdeleg, seier Bjånesøy og legg til at garnet sjølvsagt ikkje var merka med eigar.

På jakt etter ulovlege garn

Medan politiet hadde eit vaktsamt auga for ulovlege teiner, var naturoppsynet sin mann Hartvig Haugen meir oppteken av å speida etter ulovlege lakse- og auregarn. Det er slett ikkje lov å ha flytegarn med større maskevidde enn 32 millimeter frå knute til knute ute i sommarhalvåret.

– Garn med større maskevidde skal søkkjast ned slik at dei ikkje står høgare i sjøen enn tre meter, seier Haugen til lokalavisa. I hovudsak er det i det større fjordarmane det føregår slikt ulovleg fiske, men etaten ser òg ein monaleg effekt av eige nærvær i områda der tjuvfiske går føre seg.
Så langt i år er det gjort 20 beslag ulovlege lakse- og sjøauregarn av Statens naturoppsyn, som òg driv med kartlegging av sjøfugl på turane sine kring vestlandskysten.
Av Trond Hagenes