jul 312014
 

Etter ein stygg ryggskade i September, ser Hanne no fram til ny sesong med høge mål.

Hanne Haugland gler seg til ny skeisesesong for nytt lag.

Hanne Haugland gler seg til ny skeisesesong for nytt lag.

–Eg var her ute på trening i september, og hadde sett opp fem hekkar som eg skulle hoppa over. Eg fall stygt og høyrde eit knekk i ryggen, forklarar Hanne. Berre nokre få dagar seinare reiste ho på treningsleir og klarde ikkje å gjera stort der. Ho deltok i NM og fant fort ut at ho måtte trekka seg frå 1500-meteren. Då idrettsstjerna kom heim att, tok ho ein MR og der fekk ho påvist prolaps i ryggen.

– Eg var tre månadar ute av drift, der eg ikkje fekk trent eller bøygd ryggen skikkelig, fortel ho litt fortvila. Haugland fekk fortalt at ho måtte gløyma sesongen og heller satsa til neste år. Men allereie i januar var ho tilbake, sjølvsagt så blei det delvis meir auke på trening, men ho fullførte og var med i NM-sprint som også var det fyrste løpet sidan skaden oppstod. Då sesongen var ferdig tok ho ein pause eit par veker, til ho byrja med treninga for fullt i igjen i april.

Ny start

Skøytedronninga som har vore trofast lagspelar hos CBA er no klar for å byrja på Noregs skøyteakademi, etter at hennar gamle laget vart nedlagt.

– Eg er kjempenøgd med korleis dei trenar og med laget mitt, sjølv om eg kjenner mange av dei frå før, fortel ho smilande. Med Tor Erik Oxholm og Arne Skuterud som trenarar, håpar ho på å nå måla sine. Jenta som byrja med ullsokkar og brett oppe på Eidsbøen i idrettsbygget, satsar no på å vera med i verdscup og komma med til sprint-VM.

– Då eg var liten var eg veldig aktiv og måtte prøva ut alle aktivitetane dei hadde i kommunen, seier hanne. Ho var fotballjente i heile ti år før ho var rundt 15 år og slutta heilt med det og satsa på skeiser. Fyrste gongen ho stod på glattisen var på Slotthaug. Etter dette byrja ho å få ei særs stor interesse for idretten og sidan det har det berre utvikla seg.

Stolt

Den nye lagspillaren ved NSF er mest stolt over for tre år sidan då ho stod på pallen i junior-VM bak to veldig flinke skeiseløyparar.

– Det er det eg absolutt sett høgast og som er det eg er mest stolt over akkurat no, det var berre heilt fantastisk konstanterer ho. Men samtidig meiner ho at Sprint-VM for to år sidan også var heilt supert og det har ho veldig lyst til å vera med på i år også. No sett Hanne kursen mot Hamar i morgon fredag, med det nye laget sitt. Ho har no hatt to rolegare veker heime og er klar for å ta fatt på 14 kjekke dagar borte med laget sitt før sesongen byrjar for fult i oktober.

– Eg gledar meg kjempemykje til å komma i gang, men eg må også få takka sponsorane mine som eg har hatt i heile fira år! Uten dei hadde ikkje eg fått høve til å gjera alt det eg har fått gjort og eg hadde aldri kome så langt, så dei skyldar eg ei stor takk til, fortel Hanne avsluttingsvis.

Av Severin Tøkje