aug 142014
 
Det er nedslåande nyhende for skuleelevane som ynskjer å halda seg heime kalde vintermorgonar dei neste 25-30 åra: Storebø skule har sterke murar og kjem ikkje til å ramla ned med det fyrste.

Ein rapport frå Nævdal bygg, der integritet og kvalitet på murane er undersøkt, syner at armeringane er i god stand og betongen har vore godt verna frå vêr og vind med kledning og måling. Med restaurering av ytterveggane vil det litle som finst av fukt tørka ut og forsvinna heiter det av rapporten.
– Etter vår kringsyning kan me ikkje sjå skader som skulle truga bæreevna dei neste 25-30 åra, skriv Nævdal bygg.

 

Naudsynt for vidare gang

Ordførar Renate Møkster Klepsvik har venta i spaning på rapporten, i sær for at om prosessen med nyrusting av skulen gå vidare måtte ei slik gladnyhende på bordet.
– Eg har jo lenge tenkt at bygget var i god nok stand til å nytta vidare, basert på tidlegare rapportar, men det var godt å få det endeleg stadfesta.
Bygg A, som det vert kalla, skal utvidast med mest like mykje som det eksisterande byggmassen, og murane vil verta pussa og reparert der det er naudsynt.

Tid og miljø har vore snill med murane på Storebø Skule, og med vedlikehald held dei i mange år frametter melder ein tilstandsrapportrapport frå Nævdal Bygg.

Tid og miljø har vore snill med murane på Storebø Skule, og med vedlikehald held dei i mange år frametter melder ein tilstandsrapportrapport frå Nævdal Bygg.