aug 282014
 
Barn

I 2012 intervjua journalist Marius Fimland ei gruppe spente fyrsteklassingar. Gjengen er vorte to år eldre når lokalavisa vitjar dei igjen. Frå venstre er Aron Haugland, Eduards Gaikis, Mia Hovland Storebø, Lena Sofie Guzman, Serine-Ariel Turøy og Kristian Karlsen .

Litt fleire tenner, litt større klede, litt tyngre sekkar. Fyrsteklassingane for to år sidan har vorte tredjeklassingar på Storebø skule, og ambisjonane er tre gongar høgare. Minst!

– Eg sette meg feil. Kan eg få sitta med dei der borte? kviskrar Kristian som har fått tre jenter mellom seg og gutta. Og med det er me ferdige med kviskring for dagen, og klar for boksing. Dei seks elevane – nummer sju sprang likegreitt ut til friminutt i staden for å tala med avisa – har no gått i skulen i tre år, nesten, og er ein tanke meir samanhengane i tala enn sist.
– Matte er det viktigaste faget, kjem det samrøystes. Dei tykkjer òg alle at det er det kjekkaste faget, og Eduards dristar seg til å kalla det enkelt. Kvifor det er viktig? Kven veit.

To år eldre yrkesval
– Eg vil verta astronaut. Eller dyrlege, fortel Lena Sofie Guzman, som alle kjenner faren til for han er på ferja.
– Æsj, då må du sikkert ta på…hjarta til dyra. Uuuh, grøssar Serine-Ariel Turøy. Sjølv har ho lært ein ting eller to om bleier og snørr sidan sist, og har oppgradert hygieneprognosane i yrkesvalet, frå barnehagepedagog til lærar i småskulen.
– Symjar eller dyrlege, er ambisjonane til Mia Hovland Storebø. Ho kan nemleg symja ganske godt.
– Eg kan synka, skyt Serine-Ariel – klassens satirist – inn, til stor lått.

Les heile det gullkorn-spekka intervjuet i Marsteinen på papir eller PDF.