aug 282014
 
Hege Lauvik og Austevoll næringsråd har hive seg rundt for å arrangera ein ekstraordinær næringsdag når fiskeriministeren kjem med delegasjon på mandag.

Hege Lauvik og Austevoll næringsråd har hive seg rundt for å arrangera ein ekstraordinær næringsdag når fiskeriministeren kjem med delegasjon på mandag.

Det er tid for engasjement skal ein tru Austevoll næringsråd med Hege Lauvik i spissen. I høve fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) si vitjing komande måndag diskar næringsrådet opp ein ekstraordinær næringsdag.

I tillegg til ministeren sitt innlegg kjem òg tidlegare Høgre-politikar Kristin Clemet frå tankesmia Civita for å tenna gneist rundt debatten om kommunesamanslåinga, melder Lauvik. Deltakarane på næringsdagen kan òg venta seg eit innlegg frå Arne Selvik, mest kjend for Solstrand-seminara. Lauvik trur debatten som kommunesamanslåing er overmogen for lufting i Austevoll.
– Det er ikkje hjelp i å venta til våren når beslutningane skal fattast, me treng engasjement no.

Blanda signal
Etter møtet i fiskarlaget denne veka kom det fram at laget, om berre så vidt, ynskjer å halda på strukturtaket, men trass usemja innad trur ikkje dagleg leiar i K. Halstensen, Christian Halstensen, at dette vert det store temaet på næringsdagen.
– Ministeren kjem nok heilt sikkert til å bita seg merke i kva avrøystinga resulterte i, men no går den i hovudsak vidare til fiskarlaget sentralt for handsaming.
Christian meiner sjølv at avrøystinga atter ein gong syner at næringa ikkje klarar å einast om små eller store saker. På måndag vonar han heller mot den kommande fiskerikvardagen, og kanskje drypp frå Tveterås-utvalet som utgreiar ulike framtidsscenarier for fiskeri og fiskeindustri.
– Det vert høve til ein liten runde med opne spørsmål til ministeren undervegs, sikrar Lauvik.

Marius L. Fimland