aug 282014
 

espen01
Byguten Espen Fondenes Nilsen (17) var ikkje gamle karen då han slo fast at han skulle verta fiskar i Austevoll.

Vinden har avteke, og Espen ringer til Marsteinen med beskjed om at det snart er stille nok til å dra ut og trekkja garn. Han har fri i ein dag, kanskje to, før han dreg ut på makrellfiske med «Hardhaus», der han liks med «Harvest» har fått lærlingplass.
– Kva gjer du på når du har fri?
– Nei, då fiskar eg litt.

Einaste elev til Austevoll
Espen er oppvaksen på Sandsli, men ved kvar ledige helg eller ferie var det berre ein stad som gjaldt: Austevoll, og fritidsfiske med besten.
– Eg arbeidde på båt då, men med ein gong eg gjekk på fri, var Espen her, seier den stolte morfaren Emil Fondenes.
Då han for to dryge år sidan gjekk ut frå ungdomsskulen på Sandsli, var Espen den einaste i klassen som såg føre seg ei framtid i fiskeriet.
– Så og seia alle skulle ta studiespesialiserande i Bergen. Ingen andre søkte seg ut til Austevoll. Det var inga interesse for fiske og fangst på Sandsli.
15 år gamal kunne han endeleg pakka flyttelasset og koma seg over Krossfjorden.
– Og du har vel vore i bydn to gongar sidan? skrøner besten og ler godsleg.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.