aug 282014
 
Med knapt fleirtal vil medlemmane i Austevoll fiskarlag halda på dagens strukturtak i næringa. Foto: Olav Endre Drønen.

Med knapt fleirtal vil medlemmane i Austevoll fiskarlag halda på dagens strukturtak i næringa. Foto: Olav Endre Drønen.

Med eit knapt fleirtal vil medlemmane i Austevoll fiskarlag halda på 650 basistonn som makskvote i ringnótgruppa.

Kor mange fiskebåtar skal det vera i ringnótflåten i framtida? Dette er essensen når heving av kvotetaket vert diskutert. Regjeringa har sendt ut høyringsforslag på å heva kvotetaket frå 650 til 850 basistonn, noko Austevoll fiskarlag sitt medlemsmøte denne veka konkluderte med ikkje er vegen framover. 33 stemte mot ei heving av kvotetaket, medan 29 stemmer gjekk i favør av regjeringa sitt høyringsforslag. Mindretalet får protokollført forslaget dei stemte for.
– Dette er ei brennbar sak, som dreiar seg om enorme verdiar. Me opplevde ei stor tilstrøyming av medlemmar i forkant av møtet, seier leiar Øystein Rabben, som ikkje vil trekkja nokon konklusjon om kva side som mobiliserte mest. Etter ein særs engasjert debatt, vart det hemmeleg avstemming der Austevoll fiskarlag føyar seg inn i rekkja bak mellom andre Herøy og heile Nordland fylke.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.