sep 042014
 

kunde
Når det kjem til varene på Stend, kan ein godt slå fast at mykje er grønare på andre sida av Krossfjorden.

Åtte kilometer frå ferjekaien på Krokeide, ti minutt om du fylgjer fartsgrensa, ligg Stend. Her har det vore jordbruksskule heilt sidan 1860-talet, og truleg ei form for utsal like lenge.
Mat dei dyrkar på Stend, får du berre kjøpt éin stad, nemleg i gardbutikken deira.
– Det er litt av styrka vår. Ingenting frå åkrane eller drivhusa her går gjennom grossistar eller anna mellomledd. Alt som går ut til kundar, vert selt over disken her på garden, fortel Kari Bøckmann. Ho er agronom og har arbeidd ved gartneriet sidan 1997.
Kva dei sel i gardsbutikken, fylgjer difor sesongen. I desse dagar går Kari og kollegaene i åkeren dagleg og haustar. Når Marsteinen er på vitjing er det ei heilt ny frukt ved garden, nemleg syltegraskar, som vert teken inn. Den lange, gule frukta veks heilt nær jorda, og er i motsetnad til dei vanlige, runde graskara lang og snirkelforma.
– Grunna den varme sommaren i år prøvde me oss på desse graskara. Mange er vorte rett så store og flotte, seier Kari og skjerer av nokre sneier av eine graskaret for å testa ut vara. Når to kassar er fulle, trillar ho dei opp til utsalet 30 meter unna. Dette er kortreist mat.

Honning frå Hufthamar
Grandsbutikken på Stend har vore den fyrste skansen til fleire små matprodusentar. Mellom anna ostane frå Ostegården på Krokeide og kalkunane frå Homlagarden i Norheimsund kunne fyrst kjøpast over disk på Stend. Sjølv om begge dei nemnde har jobba seg inn i diskane til store kjeder, kjem dei framleis med leveransar til Stend.
– Me utviklar ein nær kontakt med dei som dyrkar eller leverer varer hit, og vil kjenna til produkta best mogleg. Leverandørane våre er igjen trufaste mot oss, og det set me pris på.
Blant dei nyaste lokale varene i gardsbutikken, finn ein krukkene frå Honninggården. For ein månads tid sidan kom nemleg to unge menn, newzealandske Chris Aurlien og austevolling Marius Taraldsen innom og presenterte honningen sin, laga av bier på Krokeide og Hufthamar.
– Slikt synest me er heilt topp. Kortreist mat er veldig i vinden, og her får me i tillegg hjelpa små aktørar fram på marknaden, seier Kari.

Les heile artikkelen i Marsteinen på papir og PDF.