sep 042014
 

PT
Gode parodiar og sketsjar med Kristian Ullahamar peika seg atter ein gong ut under revyen i grendahuset.

Det var godt under halvfull sal då konferansieren vaktmeister Per Leif entra scena under fyrste framsyning av revyen i grendahuset på Storebø, Noko heilt ant. Den elektriske vaktmeisteren som sleit med både over- og underkopling byrja med å introdusera naudutgangane i bygget.
– Men kvinnfolka, dei kan få vera med meg i naudutgangen bak scena, skjemta han medan han stakk ei lita Underberg-flaske til gitaristen i bandet. Utover kvelden fekk alle i gruppa ei slik gjev gåve frå vaktmeisterkassa.
Dei ni aktørane i revyen opna showet med ein omskriven norsk Grand Prix-potpurri – temmeleg passeleg då junior-varianten av tevlinga gjekk på fjernsynet same kveld. Smil etter smil etter smil var det håpa å sjå hos publikum, og smil fekk dei i alle fall servert i innslaget der Kristian Ullahamar med si tydelege røyst imiterte ein glattbarbert varaordførar Edvard Johannes Stangeland som gjorde kjent den nye soknepresten Anne-Marie Sandve, spela av Britt Jarnes. Ho song og kveda om endringane som skulle innførast i soknet, mellom anna skulle det koma nye kaffimaskinar til kyrkjekaffien.
– Nå kan me få oss kaffe latte, kaffe lotte, lotte latte, ramsa presten opp. Edvard var på si side glad for at det i det heile skulle halda fram med kaffi i kyrkja.
– Eg har klart meg i fleire år utan å måtta kjøpa ein einaste pose kaffi sjølv, mumla han.

Knall Kristian
Unge Ullahamar var utan tvil den store stjerna på revyscena laurdagskvelden. Det strålte positiv sjølvsikkerheit av 23-åringen, og etter showet var det i stor grad innslaga med Kristian eg hugsa som dei beste. Heldigvis vart han godt nytta, mellom anna som Nils Ove Sørvik i dommarpanelet under FKM (Foreldrenes kulturmønstring).
– Eg har vore med i 33 band sidan tysdag, og dette er det verste eg har høyrt på lenge, responderte den djupe stolmarøysta under ein audition.
– Men eg er ikkje ferdig, sukka den songglade mora Olga.
– Nei, det trur eg alle i salen er glade for …
Olga vart X-a ut av både Nils Ove, Karl Olav Kalvenes og Audun Alvsåker – Austevolls Messias.
Då vaktmeister Per Leif skulle prøva seg med litt opera for dommarpanelet datt rett og slett Nils Ove i golvet.
– Kor er X’en min? undra han etter å ha somla seg etter fallet, men Karl Olav meinte at slikt burde han ikkje undra seg over.

Les heile meldinga i Marsteinen på papir eller PDF.