sep 042014
 

odd h
Det er lenge sidan biblioteket var berre bøker, får me vita i andre etasjen på Bekkjarvik Torg. I dag startar Austevoll Folkebibliotek med vekelege filmframsyningar, og fyrste film ut vert ein rettleg klassikar med Marlon Brando.

– Sofaen er jo god å sitta i. Og desse stolane er ikkje så verst heller. Kanskje 15 plassar?
Bibliotekmedarbeidar Odd Harald Opdal ser seg rundt i lokalet etter løysingar som både gjev den beste filmopplevinga i tillegg til eit leveleg miljø for dei meir litterært interesserte. Han oppdaga at i enkelte av folkebiblioteka sin prosess med å fornya seg har dei knytt avtalar med ei overveldande mengde produksjonsselskap for film. Med andre ord er det mest fritt fram for biblioteka å syna nett dei filmane dei vil.

Temahaust
– Me rettar oss mot alle som er middels filminteresserte, uavhengig av alder. Aldersgrensene vil variera noko. Speletida vil me prøva å halda på under to timar.
Opdal har rota fram lerret og prosjektor frå arkivet til biblioteket, skjønt fyrste filmen – On the Waterfront frå 1955 – vil verta synt på ein fjernsynsskjerm. Ironisk nok av di filmen er restaurert til så god kvalitet at eit lerret vil ikkje koma han til rett. På sikt vil Opdal gjerne ha temaperiodar der framsyningane tek føre seg regissørar, sjangrar eller periodar.
Då Alf Prøysen i år ville fylt 100, ynskjer bibliotekmedarbeidaren syna filmen Trost i Taklampa frå 1955, som er ei innspeling av den einaste romanen Prøysen skreiv.
– Programmet legg me ut på nett så fort det er klart, fortel Opdal medan han demonterar lysarmaturen. For optimale lyshøver.

Marius Løbø Fimland