sep 042014
 

Østerbris
Fiskeri-Noreg må få sjansen til å fornya seg, og det politiske vegkartet for framtida kjem til å verta teikna i 2015, var meldinga fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) gav austevollingane denne veka.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) meiner at kursen på fiskeripolitikken må endrast, men noko totalt frislepp av næringa ser ho ikkje for seg.
– Å helda fram med dagens politikk er ikkje ein farbar veg, men det er heller ikkje ei total deregulering av fiskerinæringa. Med djupe grøfter på kvar side av vegen, gjeld det å finna den gylne mellomvegen, sa fiskeriministeren til Austevollseminaret denne veka.
Aspaker viste til delrapportane frå arbeidet til Sjømatindustriutvalet, som har peika på at ein del av reguleringane i fiskerinæringa er til hinder for utvikling og innovasjon.
– Me må sleppa opp noko av det politiske grepet om næringa, understreka Aspaker. Meir konkret vil ikkje fiskeriministeren vera før Sjømatindustriutvalet, leia av professor Ragnar Tveterås, har lagt fram rapporten sin i desember. Deretter vil Næringsdepartementet leggja fram ei stortingsmelding. Til slutt vonar Aspaker å sikra eit breitt fleirtal for den vidare leia.
– 2015 vert ei veldig viktig år for norsk fiskeripolitikk, oppsummerte ministeren, som oppmoda næringsaktørane til å spela inn trongen for endringar òg til andre politiske leirar enn regjeringspartia.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.