sep 112014
 

Kristoffer_Hovding
Ein mann stelte overskrifta då han sette åtte ballar bak målvaktane til bortelaget. Kristoffer Østervold var i eksplosiv form mot Hovding, og vart supplert med seks mål frå lagkameratane.

Tabelljumbo Hovding skulle kanskje visa seg å vera kanonmat for Austevoll, men hengde lenge med på taktene på Eidsbøen. Austevollingane hadde ikkje fått orden på forsvarsverka sine og sisteskanse John André Njåstad måtte tidleg ned og redda ei avslutting til hjørnespark. Bortelagspiss Haisam Alabdi var farleg då han fekk gode oppspel å arbeida med.
AIK kom snart i siget, og etter fikse kombinasjonar mellom Inge André Rabben og Kristoffer Østervold, var ballen innom tre-fire leggskinn før han, til bydelslaget frå Breistein si letting, rulla ufarleg ut frå målgarden. Rett nok sleppte AIK-forsvaret kvittrøyene igjennom nok ein gong, før Kristoffer nok ein gong sende i veg eit skremeskot mot bortelaget sitt bur. Eit rimeleg skarpt skot frå 20 meter.

Les heile kampreferatet i Marsteinen på papir eller PDF.