sep 112014
 

OleAndreAustevoll
Sesongbeste, etappesiger og samanlagt andreplass i Roserittet for Ole André Austevoll (21). Pila peikar oppover for den unge Team Fixit-ryttaren.

– Eg er strålande nøgd. Klart sesongbeste, seier Ole André Austevoll etter etappesiger og sølvmedalje samanlagt i Roserittet bak Frederik Wilmann, som han spurtslo i det andre løpet. Den unge austevollingen fortel at han klarte å bita seg fast i hjulet til Wilmann og drog seg forbi heilt på tampen i Noregs eldste sykkelritt.
Sportsdirektør i Team Fixit, Frode Jarle Jacobsen, er særs nøgd med ryttaren sin, som han meiner har teke steget opp til den nasjonale toppen med resultatet i helga og solide resultat i Norgescupritt og andre konkurransar.
– Me sat i fylgjebilen og opplevde ein dramatisk kamp mellom den rutinerte Wilmann og den meir urøynde Ole André Austevoll. Å vinna spurten var ein kjempebra prestasjon!

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.