sep 112014
 

Youngfish
Etter skipinga av interesseorganisasjonen YoungFish i februar har det berre gått oppetter med medlemstal og interesse. Medskipar Ørjan Drønen Madsen undrar seg om dei vil klara å toppa den bråe suksessen.

– Her har det vore eit stort behov, både som interesseorganisasjon for unge i havbruksnæringa, og kompetansebyggande møteplass.
Madsen jobbar i dag for Marine Harvest, men det var frå ein kollega i den førre jobben at han fekk fyrst høyra ideen om YoungFish. Faktisk har næringa og arbeidsstadane deira synt så stor interesse for konseptet, at fleire styremedlem får nytta delar av arbeidstida til møteverksemd for å få apparatet opp og gå.
– Me trengte ein møtestad for den yngre i næringa, dei som ikkje har opparbeidd seg eit stort nettverk enno, eller har 30 år med erfaring å støtta seg på.
Øvre aldersgrense: 35 år.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PFD.