sep 112014
 

Harvest
Hovudsesongen er i gang på makrellen. Småvekst fisk og usikker marknad har gitt låge prisar så langt.

– Så langt ser me ein prisreduksjon på mellom 2,50 til 2,60 per levert kilo. Prisane har vore nede mot seks kroner kiloet. Større kvotar, liten fisk og ein usikker marknad er tre faktorar som verkar saman, seier Kenneth Garvik i Norges sildesalslag til Marsteinen. Likevel vil noko større snittvekt på fangstane gje ganske stor uttelling på betalinga.
– Klarar ein å finna den litt større makrellen, gjerne samstundes med at det er relativt få leveransar av makrell i den rette storleiken, vil det gje betre pris, trur salsleiaren. Han er spent på kor prisane går vidare i sesongen. I 2011 var snittprisen på all makrell landa av norske fartøy i Noreg på over tolv kroner kiloet, medan det i fjor låg på 8,87 per kilo og i 2012 enda på 7,44.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.