sep 112014
 

m på hesten
Dyra sitt paradis på Stangeland vert no eit fritidstilbod for barn. Her får dei dusja grisane og fletta hestane!

Det skjer saker og ting på Stolmen. Når haustferien trer inn, opnar ferieskulen i stallen tilknytt Stangeland gjestegard. Frå måndag til fredag vil Emmanuelle Tieri og medsamansvorne Camilla Erdal ta imot 15 barn mellom seks og tolv år for å læra dei om stell av gardsdyr, plukka egg og rett og slett berre kosa seg saman med dei firbeinte og fjørkledde.
– Det er eit stort behov for å ha ein stad barna kan vera i skuleferiane, når foreldra må arbeida, seier Camilla, som sjølv har Madelen (7) med seg til gards.
Gardsdrift for barn, skal etter haustferien òg verta eit tilbod etter skuletid.
– Tysdag og onsdag kan barna komma her, kamma, fletta og setja sløyfe på ponniane, dusja og vaska grisane, køyra hest og kjerre …
Grunnleggjande læring om dyra på ein gard, vil damene òg leggja inn i timane på garden. At kyr får horn – men at desse ofte vert brente av, og at mjølk kan koma sjølv utan at kua har kalva er fun facts Emmanuelle opplever at fleire ikkje veit.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.