sep 182014
 

Stage
Eit knippe tatoverte, ikkje-så-heilt-unge-lenger, omreisande musikantar vitja Austevoll i helga. What Came From The Sea spelte tungrock på Drengastova, så mykje veit me. Men kva var det som kom frå sjøen?

– Fekk ein mail no. Vil me spela på eit offentleg bibliotek i Frankrike?
Rolv-Erik Berge snur sykkelstyrebarten mot resten av gjengen i bandet. Stadfestande lydar, filtrert gjennom munnfullar med pizza og øl, kjem frå resten av gjengen.
– Då ordnar me berre ein jobb eller to til på vegen.
Berge svarar på mailen, medan alle ler hjarteleg over spørsmålet om kven manageren til bandet er. Her vert det ordna sjølv. Tungrockband har ikkje for vane å ha økonomi eller apparat til å nytta slike framandtenester. Dette er ei nisje for idealistane.

Kvar dag, ein ny dag
– Havfest hadde bra backstage. Og opplegg generelt eigentleg.
Vokalist Torgeir Enerstvedt – lærar – hadde ikkje sitt fyrste møte med Austevoll tidlegare i år. Han pendla i to heile år frå Nygårdsgaten til Eidsbøen for å arbeida på ungdomsskulen.
– Eg var ung og naiv, ler han. Det som gjorde størst inntrykk i pendlartida? Baconpølse og Cola til frukost på 0700-ferja for enkelte av dei medreisande. Resten av bandet stemmer i låtten, skjønt dei har nok alle sett verre på reisene sine. På backstage har Stig Storebø dukka opp, gamle kollegaen til Torgeir og husvert for kvelden. Ein kort biltur etter sjekkar What Came From the Sea inn på naustet i Selvågen.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.