sep 182014
 

BeateogTristan2
Pust, pes og glade fjes. Då AIK arrangerte Austevolløpet, mangla det ikkje på spreke sprekingar.

– Kom igjen Hallvard, heia! Dorthea Møgster har ein fordel når ho heiar fram mot målstreken, både far hennar og sonen går under namnet Hallvard. To små bein med den yngste Hallvard (3) kjem med små skritt fyrst, hakk i hel følgjer den eldre (79) stolt etter. Hallvardane er to av dei som meldte seg på den mest populære løypa, som gjekk frå Storebø til Eidsbøen. For andre som synst 2,8 kilometer blei i kortaste laget, gjekk det lengre startskotet frå brufestet på Hundvåkøy, med løype på 5,75 kilometer. Framme venta gullmedaljar til alle, grønne skogar var det òg, då haustsola ikkje har sleppt grepet om sommarvarmen. Store og små, to-og firbeinte, barnevogn og rullestol, trasking og galopp. Det kan forvekslast med eit 17.mai tog i turmarsj. Om det var for å slå ein personleg rekord, eller berre ta ein roleg sundagstur. Det glitra i alle høve av både sveitte og glis frå dei 213 sprekingane.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.