sep 182014
 

Alt for Norge, sesong 5
Amerikanaren Norris Nelson Comer (24) haldt seg framleis med i konkurransen Alt For Norge på TVNorge denne veka, takka vera ei praktfull framføring av Norge i Rødt, Hvitt og Blått. No ser han på flybillettar for vidare utforsking av røtene sine.

– Noreg var som eg hadde venta berre meir, med mektige fjordar og fjell, fortel han med eit par sekund forseinking over telefonen. Austevoll-nedstammaren som vaks opp i Minnesota var ikkje kjend med sjøliv sidan staten stort sett ikkje grensar mot anna enn land, men då familien flytta til Oregon kjende han med ein gong eit drag mot sjølivet.
– Eg studerer marin vitskap, har drive som laksefiskar i Alaska og bur på ein seglbåt, så det var nok noko i blodet der.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.