sep 252014
 
Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) vil ha svar frå så mange austevollingar som mogleg når innbyggjarundersøkinga opnar i dag.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) vil ha svar frå så mange austevollingar som mogleg når innbyggjarundersøkinga opnar i dag.

Kor godt nøgde er eigentleg austevollingane med eigen kommune, og ikkje minst kva kommunar kan det tenkjast ein kan slå seg saman med. Dette er essensen i innbyggjarundersøkinga kommunen inviterer til den komande veka.
Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) understrekar at kommunen må gjera eit breitt forarbeid og gode analysar før det kan konkluderast med kvar leia skal gå vidare for øykommunen. Arbeidet med kommunereforma startar for alvor i desse dagar, og som ein lekk i dette spør dei frå i dag innbyggjarane om kva dei synest om sin eigen kommune. Spørsmåla er knytt til både lokaldemokrati, tenesteyting og service, og skal graderast på ein skala frå ein til seks, eller kommenterast ope. I tillegg kjem spørsmål om kva konstellasjonar ein eventuelt kan sjå for seg dersom Austevoll skal slå seg saman med andre kommunar.
– Meiningane til innbyggjarane er særs viktig for oss å ta med oss i arbeidet vidare. På denne måten ynskjer me å ta tempen på eigen kommune, seier ordføraren. Ho legg vidare til at det vert lagt opp til folkemøte før jul.

Austevoll òg i framtida?

Ordføraren legg ikkje skjul på at ho òg i framtida har trua på Austevoll som sjølvstendig eining, men at ein slik konklusjon ikkje kan koma frå tynne lufta.
– Det kan godt vera at det beste for Austevoll er å forbli eigen kommune, men me treng å dokume

ntera det med eit skikkeleg grunnlag og ein god prosess. Det er ikkje så enkelt som at me kan seia at me har kort sakshandsamingstid, slår ho fast. Ho oppmodar òg innbyggarar om å nytta kommentarfelta i undersøkinga for å uttrykkja meiningane sine.
Resultata av undersøkinga vert kunngjorde i samband med kommunestyret sitt seminar om reforma. Torsdag om to veker kjem fylkesmann Lars Sponheim til kommunen. Fylkesmannen har fått ansvaret for å setja i gang dei lokale prosessane, i tillegg til å vera tilretteleggjar og koordinator for diskusjonane om kommunesamanslåingar lokalt og regionalt.
Saka vert gjennomført via kommunen sine sider på verdsveven, men Møgster Klepsvik oppmodar folk som skulle ha vanskar med å fylla ut skjemaet eller ikkje ha tilgang på nettet om å oppsøkja kommunehuset for å få den hjelpa dei treng.