okt 022014
 
Snø på bakken, men flyktningane frå Syria har ikkje varme sokkar eller skikkelege sko. Det ynskjer Lions i Noreg å gjera noko med. Laurdag er det lokal innsamling. Foto: Einar Lyngar.

Snø på bakken, men flyktningane frå Syria har ikkje varme sokkar eller skikkelege sko. Det ynskjer Lions i Noreg å gjera noko med. Laurdag er det lokal innsamling. Foto: Einar Lyngar.

Har du vinterklede, sko og liggjande? Då oppmodar den lokale Lions-klubben til at du gjev av overskotet ditt til flyktningane i Libanon.

– Allereie på laurdag går båtlasta med barneklede til flyktningane i Arsal i Libanon, seier Lions-klubbmedlem Terje Engevik til lokalavisa. Saman med klubbkollega Oddvar Stangeland har han fått ansvar for å samla inn varme klede og sko. Planen er å køyra ei rute på laurdagen og stogga på strategiske stadar, slik at austevollingane har høve til å gje sitt til dei syriske flyktningane som etter alt å døma går ein hard og kald vinter i møte grenseområda i Libanon.
Eldsjela Einar Lyngar fortel om ein kritisk situasjon i Arsal-området, som ligg øvst i den Hizbollah-kontrollerte Bekaadalen, 124 kilometer nordaust for hovudstaden Beirut.
– Det er 140 000 flyktningar der. Dei bur i telt og under presenningar, og situasjonen er kritisk for dei som kom over grensa frå Syria med alt dei eigde i ein berepose eller ein koffert, seier Lyngar som var med på den førre skipinga av klede til området.
– Nordmenn veit korleis varmt tøy skal vera: Ull varmar, og no oppmodar me alle til å leita i skuffene sine etter tøy som barna har vekst frå. Me treng òg varme vintersko.

 

Hjelpa einskildmenneska

Heime i Austevoll veit hytteeigar Terje Engevik godt kva det betyr å vera i konfliktområde. Sjølv har anestesisjukepleiaren vore ute i to internasjonale fredsbevarande operasjonar. Ein i Libanon og ein i Bosnia.
– Korleis skal ein hjelpa med all krigen me ser i verda i dag? Jau, du ser mennesket framføre deg. Einskildlagnadane, ikkje køen med skadde og lidande. Då vert det heilt lammande, seier Engevik, som òg har sett uroa i Sør-Sudan på nært hald.
– Me ynskjer at kleda og skoa er reine og slik at du ikkje hadde nølt med å senda dine eigne barn ut med dei. Vidare er det til stor hjelp om ein sorterer sko, inner-, og ytterklede i separate posar. Då vert det enklare å sortera, seier Engevik, som og har røynsle som hjelpemann på luftambulanse. Han meiner at det er ein god tanke å skriva nokre ord om ein sjølv og adressa si.
– I Sør-Sudan såg me at det betydde ein god del for mange av dei som mottok hjelpa å kunna takka for henne etter at uroa hadde lagt seg noko, seier Engevik.