okt 052014
 
Inge André Rabben markerte seg med godt spel og eit flott frisparkmål mot Fana 2 i dag.

Inge André Rabben markerte seg med godt spel og eit flott frisparkmål mot Fana 2 i dag.

Austevoll cruisa uanstrengt fram til ein 6-0-siger i ettermiddagens fjerdedivisjonsoppgjer mot Fana sitt andrelag. AIK kom tidleg i føringa etter at Håvard Vassned opna kontoen med eit nydelege hjørnespark som han skrudde i mål. Inge André Rabben følgde opp med frisparkmål etter om lag ti minutt. Steffen Skår, Alexander Dale, Trond Heggestad og Nils André Eidsheim sytte for resten av måla, i ein kamp der bortelaget sin målvakt Thomas Hille verkeleg stod fram med ein serie av flotte redningar i andreomgangen.

Etter Bergen Nord sin siger på laurdag, ligg AIK framleis sju poeng framfor salhusgjengen. No er det likevel berre tre kamar og dermed ni poengatt å spela om.