okt 062014
 
Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) vonar at rentekompensasjonsordninga som regjeringa førslår auka i statsbudsjettet vil føra til ny bru på eit tidlegare tidspunkt i Torangsvågen.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) vonar at rentekompensasjonsordninga som regjeringa førslår auka i statsbudsjettet vil føra til ny bru på eit tidlegare tidspunkt i Torangsvågen. Foto: Marius Løbø Fimland.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) vonar at rentekompensasjonsordninga som regjeringa føreslår til fylkesvegnettet i Noreg, skal gjera at ny Torangsvågsbru kan stå ferdig tidlegare.

 

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet å gjera tre milliardar kroner til fylkesvegsnettet tilgjengeleg via den såkalla rentekompensasjonsordninga. Hordaland fylkeskommune får høve til å investera nærare 250 millionar kroner neste år, noko som får stortingsrepresentant Helge André Njåstad til å vona at den trafikkfarlege flaskehalsen over Torangsvågen snart kan bli erstatta.

– Dette prosjektet er det som ligg lengst framme hos Hordaland fylkeskommune sin regionale transportplan av Austevoll sine saker, seier stortingsrepresentanten, som samstundes påpeikar at bruprosjektet i regional transportplan er tidsfesta som aktuelt fyrst i perioden etter 2017. Prioriteringane er det fylkestinget som avgjer.

 

Frå næring til vegar

Regjeringa sitt framlegg til budsjett aukar rentekompensasjonsordninga med 50 prosent, og legg samstundes til grunn at midlane skal fordelast etter folketal ein nøkkel der veglengde og folketal i kvart fylke avgjer kor mykje pengar ein får til rådvelde.

Njåstad visar vidare til at stortingsfleirtalet flyttar pengar frå fylkeskommunane sine næringsavdelingar til samferdsle.
­– I fjor flytta me ein del midlar og det er ein strategi me vil halda fram med. Næringslivet i regionen spør oss ikkje om store fylkeskommunale næringsavdelinger, men om veg, seier leiaren for kommunal- og forvaltingskomitéen til Marsteinen.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) seier til Bergens Tidende at han ikkje kan lova pengar til konkrete prosjekt, men at det er eit stort etterslep på vedlikehaldet på fylkesvegane, og at pengane i hovudsak nok vil bli nytta til dette.

 

Av Trond Hagenes