okt 092014
 
Laila og mora ventar seg å måtte plukka 750 kilo bringebær til neste år. Mesteparten vonar dei å få seld i korg til austevollingar som vil ha ein betre dessert.

Laila og mora ventar seg å måtte plukka 750 kilo bringebær til neste år. Mesteparten vonar dei å få seld i korg til austevollingar som vil ha ein betre dessert.

Laila Taraldsen tykkjer ikkje villsau er heeeilt der ho vil vera i gardsdrifta. Bringebær, derimot …

Eit halvt mål, litt plast, om lag 9 000 kroner i buskar og to års tolmod er alt som skal til, meiner Laila. Den litle lappen ventar dei skal gje rundt eitt tonn bringebær fyrste året med full vekst, altså i 2016. Til neste år kan dei berre venta seg 750 kilo etter den uvanleg varme sommaren i år.

20 år med avkasting

– Me tenkjer omlag fire og ein halv rad med friske bær i korg, resten til safting og sylting, forklarar den komande bærbonden.
Mor og far hennar, faktisk heile familien er godt involverte i prosjektet òg. Far er mekanisk ansvarleg for tak og vatning, mor er plukkar og plantar, og broren Marius som stiller med bier frå den nystarta honningverksemda si til pollinering. Sjølv om det til neste år har teke to heile år med stell utan bær før det vert noko å tyggja på, ser familiegarden fram mot 20 år med bær på same plantene.
– Me vil ha ein gardsbutikk det me sel bær, og bærprodukt dei vekene det er hausting. Målet er at desse kortreiste bæra skal seljast same dag som dei er plukka, fortel Laila.

Raudt i bakkane

Til neste år er det ikkje berre debuten for dei raude bæra, men òg ti år sidan store delar av garden brente ned til grunnen etter at lynet slo ned i løa. I dag kan mor smila så smått av elenda, som var ein rettleg serie uheldige hendingar.
– Me hadde stillas oppe, og høystålet var fullt i tørt høy, så heile løa gjekk opp med ein gang.
– Og lynet fylde straumlinja inn til det gamle huset, skyt far inn. På grunnmuren har dei bygd opp att ei drengestove etter at tipp-olde-grandtanta til Laila sitt hus gjekk opp i røyk den skjebnesvangre morgonen i 2005. Dei gamle bringebærbuskane – dei overlevde sjølv om resten av garden stod i lys loge. For det har aldri mangla på nyttevekstar på tunet, og rundt den kålrabi og jordbær, poteter og tomatar. Laila ser på hjartebarnet som ein viktig del av garden si framtidige satsing, men har føtene godt planta på jorda.
– Det her vert jo ein del av garden, ikkje heile hovudnæringa vår, så me har fleire på. Poenget er jo at det går an.Ein treng ikkje mykje, og det erkjekt å prøva noko nytt som ikkje er i Austevoll frå før av.