okt 102014
 
Fylkesmann Lars Sponheim informerte lydhøyre lokalpolitikarar om kommunereforma denne veka.

Fylkesmann Lars Sponheim informerte lydhøyre lokalpolitikarar om kommunereforma denne veka.

Kommunereforma kjem ikkje til å gå over av seg sjølv, var eit av hovudbodskapa til Lars Sponheim, som vidare inviterte lokalpolitikarane til å nytta verktøykassa fylkesmannen har til rådvelde.

 

Lars Sponheim informerte torsdag lokalpolitikarane og ei handfull interesserte tilhøyrarar om arbeidet kommunane er pålagde med kommunereforma. Han la òg ut om høva kommunane sjølve har til å påverka prosessen med samanslåingar, forhandlingar og risikoen forbunde med å seia nei til slike samanslåingar.

– Skulle Austevoll komma fram til at de ynskjer å stå utanfor, må det i alle høve dokumenterast veldig grunding kvifor De kjem fram til ein slik konklusjon, sa Sponheim.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik la på si side fram brukarundersøkinga kommunen har gjennomført dei siste vekene. 295 svarte på undersøkinga, og av desse såg 42,2 prosent Austevoll som ein del av ein større sunnhordlandskommune som beste løysing. Til samanlikning ville berre 18,1 prosent slå kommunen saman med Bergen.

Av Trond Hagenes