okt 102014
 
Kolbeinsvik skule er ein av tre skular som no blir dregen inn i strukturdebatt på nytt etter at nye renovasjonskostnader er kome på bordet. Arkivfoto: D. M. Møgster.

Kolbeinsvik skule er ein av tre skular som no blir dregen inn i strukturdebatt på nytt etter at nye renovasjonskostnader er kome på bordet. Arkivfoto: D. M. Møgster.

Tilstanden på skulane i Kolbeinsvik, på Trolandshamar og Møkster gjev hovudbry for lokalpolitikarane. Til formannskapsmøtet måndag 20. oktober har dei bede om dokumentasjon knytt til å flytta elevar frå desse skulane, og mellom anna sjå på transportløysningar og -kostnadar, trong for oppjustering av uteområde og ikkje minst pedagogiske omsyn.

Delrenovering av Kolbeinsvik og Trolandshamar medførar ein kostnad estimert til nærare 56 millionar kroner, medan skulen på Møkster er i dårlegare stand enn frykta, og treng utlegg på kring fem millionar kroner for å bli helseverngodkjent.

 

– Me må vera klar over at desse tala langt frå fører til nokon totalrenovering av skulane, sa Frp-representant Olav Jarnes. Jarnes, som arbeider som takstmann peikte på potensielle problemområde som røyrarbeid og dei elektriske anlegga som er heldt utanfor renoveringskostnadane som til saman bikkar 60 millionar kroner.

Saka om skulekabalen kjem opp i kommunestyret den torsdag 30. oktober.