okt 162014
 
Kolbeinsvik skule kan verta nedlagt allereie til hausten. No er det opp til lokalpolitikarane til å avgjera lagnaden til skulane på Møkster, Trolandshamar og i Kolbeinsvik.

Kolbeinsvik skule kan verta nedlagt allereie til hausten. No er det opp til lokalpolitikarane til å avgjera lagnaden til skulane på Møkster, Trolandshamar og i Kolbeinsvik.

Økonomi og pedagogiske omsyn fører til at rådmannen er særs eintyding i tilrådinga si til lokalpolitikarane: To barneskular er vegen å gå for Austevollskulen i framtida.

 

 

Rådmannen meiner ny skulestruktur gjev betre føresetnadar til å møta krav til læringsmiljø, kompetanse, bygg og generelle vilkår for elevane si læring. Mellom anna vil skulesamanslåingar totalt sett betra lærartettleiken i klassane. I tillegg vil kommunen på sikt spara netto seks millionar kroner ved å redusera dagens fem barneskular til to, sjølv når ein reknar inn skysskostnader på ein million kroner.

 

Kostnadar til rehabilitering

I rapportane lagt fram av konsulentane i Sweco vert det slått fast at ein treng 38 millionar kroner for naudsynt rehabilitering av Trolandshamar skule, men at bygget etter dette framleis vil ha preg av noko brukarslitasje, og at sanitærinstallasjonar og leidningsnett for elektro vil vera av eldre dato. Overflatehandsaming og basseng er ikkje teke med i vurderinga. For skulen i Kolbeinsvik er prislappen sett til 17 millionar kroner, og på Møkster 5 millionar kroner. På sistnemnde er det trong for reinseanlegg for drikkevatn, omfattande tiltak i fyrsteetasje og drenering langs grunnmuren.

 

Prioriteringar

I motsett fall kjem innsparingar på dei årlege driftskostnadane ved at tre eldre skulebygg forsvinn. Kommuneadminstrasjonen trekkjer òg fram at dei ser på den potensielt store bruken av investeringsmidlar til å setja i stand skulane på Trolandshamar, Kolbeinsvik og Møkster som særs uheldig, sidan det medfører at andre samfunnstiltak og investeringar ikkje kan gjennomførast.

Rådmannen foreslår å flytta elevane frå Kolbeinsvik skule til Selbjørn allereie hausten 2015, og at elevane på Møkster kan flyttast til Storebø same hausten. Når skulen på Storebø står totalrenovert hausten 2016, vil det vera duka for å ta i mot elevane frå Trolandshamar.

Formannskapet skal handsama saka på måndag, og kommunestyret får saka om rehabilitering eller nedlegging av skulane på Trolandshamar, Møkster og i Kolbeinsvik på pulten sin allereie torsdag 30. oktober.

 

Av Trond Hagenes