okt 272014
 
Lastebilen som velta ved Heimarkpollen. Små marginar for vidare nedrulling. Foto: Trond Hagenes

Lastebilen som velta ved Heimarkpollen. Små marginar for vidare nedrulling. Foto: Trond Hagenes

Klokka 15.35 fekk Bergen politidistrikt inn ei melding om at ein lastebil hadde hamna opp ned i nærleiken av Kolbeinsvik.
Det skal ha vore ein person i køyretøyet då ulukka hende, men han er ikkje skadd, melder politiet.
Lastebilen ligg mellom vegen og sjøen, og er ikkje til hinder for trafikken.
Klokka 15.43 melder brannvesenet at det er fare for lekkasje frå køyretyet, og lokalt politi har rykt ut til staden.
Det var ein kollega av føraren som fyrst meldte frå om uhellet.