okt 282014
 
Rektor Mona Mørk og FAU-leiar Karsten Inge Møgster meiner at kommunen har vist lite interesse for vedlikehaldet av skulen, men sett i eit 60-årsperspektiv bør det ikkje overraska nokon at ein til slutt må nytta pengar på vedlikehald.

Rektor Mona Mørk og FAU-leiar Karsten Inge Møgster meiner at kommunen har vist lite interesse for vedlikehaldet av skulen, men sett i eit 60-årsperspektiv bør det ikkje overraska nokon at ein til slutt må nytta pengar på vedlikehald.

Skulen på Møkster står framleis støtt. Dei lokale eldsjelene ynskjer å setja skulen i stand, og endåtil garantera for prisen.

Torsdag kan Møkster skule verta nedlagt av kommunestyret. På øya har dei likevel ikkje tenkt tanken på at skulebarna skal måtta skyssast over Møkstrafjorden i all slags vêr.
FAU-leiar Karsten Inge Møgster trekkjer òg i tvil kostnadane ved å få skulen helseverngodkjent, estimetert til fem millionar kroner av kommunen. Han vil ta hammaren i eigne hender.
– Møkster Bygg med assistanse frå lokale krefter kunne gjera jobben med å verta kvitt muggsoppen og renovera grunnplanet for 2,5 millionar kroner, og stilla garanti for eventuelle overskytande kostnadar, seier Karsten Inge Møgster til lokalavisa.
Sanering av soppinfiserte område må fagfolk på området kunna ta seg av, men mykje av det andre arbeidet meiner han øyas eigen snikker og eldsjelskrafta på øya kan ta seg av.
– Enkle ting som å leggja golv og å måla kan me gjera på dugnad, seier han.
Snikkar Bjørn Strømme, med over 40 års fartstid i yrket, meiner òg at kommunen sitt kostnadsoverslag er lagt altfor høgt, og trur mellom anna at dei i klasseromsdelen i andreetasjen nesten berre trengst å leggjast nytt golv.

Inga interesse
Skulebygget på øya vart reist for om lag 60 år sidan, og har knapt sett ei krone av kommunale kroner sidan, om ein ser bort frå at det vart lagt nytt tak for kort tid sidan til ein prislapp på 400 000. Rektor Mona Mørk fortel at ho overfor kommunen fleire gongar har teke opp funn av muggsopp under trappa i inngangspartiet, og bede om at det kan setjast i gang arbeid med drenering på utsida.
Etter tilsynet frå etat for helsetjenester i Bergen kommune, som assisterer Austevoll med å kartleggja og godkjenna bygga etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. vart muggsoppen påpeika som eitt av relativt få avvik det straks måtte setjast i gang med.
– Eg har siste året fleire gonger prøvd å starte prosessen med drenering og fuktsperre, men heller ikkje då vaktmeisteren var her ute med minigravar, fekk me klarsignal. Då kunne me lett ha starta arbeidet. I staden vart me fortalde at det måtte venta, seier Mørk. Vaktmeisteren er på øya nokre få dagar i året.
FAU-leiar Møgster meiner at skulen har vist seg til å vera eit retteleg kvalitetsbygg, og at ein ved relativt enkle grep kan syta for betre drenering på utsida, bli kvitt muggsoppen og skapa gode rammetilhøve for skulen.
– Det kjem ein ny barnefamilie før jul, og det er fleire utleigebustadar i emning, slår han fast. Møkster bu hadde tidleg eit mål om 3 nye familiar på 3 år. Dette har me nådd.
Per i dag har Møkster skule ni elevar, og det vert arbeidd aktivt med rekruttering av barnefamiliar til øya vest i havet. Ved skulen arbeider to lektorar og ein adjukt på deltid.

Av Trond Hagenes