okt 282014
 
Trass i moderne materiell, gjev skuleskyssen av unge elevar lokalpolitikarane grunn til å krevja konsekvensanalyse av skuleskyssen.

Trass i moderne materiell, gjev skuleskyssen av unge elevar lokalpolitikarane grunn til å krevja konsekvensanalyse.

Lokalpolitikarane krev konsekvensanalyse av transportutfordringane til og frå Møkster før dei er førebudde til å leggja ned skulen på øya.

Møkster skule ser likevel ikkje ut til å verta nedlagt på kommunestyremøtet på torsdag, etter at Framstegspartiet på sitt måndagsmøte har konstatert at det trengst ei djuptgåande analyse av utfordringane knytt til skuleskyssen til øya.
– Me er nøydde til å ha ei skikkeleg konsekvensutgreiing når det gjeld skuleskyssen til og frå Møkster. I tillegg må me vera sikre på at det er gode løysningar dersom eit barn til dømes vert sjukt medan det er på skulen, seier ordførar Renate Møgster Klepsvik.
Ordføraren understrekar vidare at det trengst ein god dialog med skuleleiinga på øya og FAU – og at det i tillegg må sjåast spesielt på elevgrunnlaget i åra framover. Frå desember av vert det til dømes elleve elevar ved skulen.

Letta
På Møkster dalar skuldrene eit lite hakk av den siste utviklinga i saka, men FAU-leiar Karsten Inge Møgster synest det er positivt at skuleskyssen skal utgreiast.
– Me treng ikkje berre ei analyse av skuleskyssen i seg sjølv, men det må òg leggjast vekt på kva som kan skje med samfunnsutviklinga på øya vår dersom skulen vert lagt ned, seier FAU-leiaren.

Av Trond Hagenes