okt 302014
 

Kristoffer_cover
Austevoll sine fotballherrar har berre tapt elleve poeng på 22 kampar. I siste serierunde var det Follese som vart for små.

Sjølv med skadd og dermed fråverande toppscorar tok AIK luven frå divisjonen sitt nestbeste lag, Follese. Og det på bortebane. Med 13 poeng ned til askøyværingane og ein formidabel målskilnad, kan sesongen vanskeleg karakteriserast som noko anna enn ein parademarsj. Kristoffer Østervold trur at mykje skuldast eit blomstrande sosialt miljø.
– Trenarane tok tak i dette i før sesongen. I staden for å bita oss fast i det negative, har me støtta opp om kvarandre og bygd oppunder det positive, seier toppscoraren som står bokført med 28 nettkjenningar i serien. Østervold skryter òg av assistenttrenar Håvard Hansen sin jobb med dei yngre spelarane, og innsatsen hans for å laga gode sosiale rammer for heile spelargruppa.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.