okt 302014
 

Dalseide
Noko så sjeldan som eit formalisert generasjonsskifte frå gründar til nedstammingar er i ferd med å finna stad i Dalseide Shipping. Det er rette tida, meiner far Tore, og det er langt i frå ei halt vogn som vert overlevert.

Ein prosess, fleire modellar, og modning – som ein god vin, var vegen for å finna rette framtida i verksemda fortel både sonen Kristian og faren Tore Dalseide. At Anne-Marthe og Kristian begge har flytta heim til kommunen gjorde puslespelet noko enklare for dei fire gründerane som stifta Dalseide Shipping i 1978.
– Me fire er framleis med frametter med erfaring og kunnskap, medan dei unge skal koma med energien. Det vart vinn-vinn for oss dette her, seier Tore til Marsteinen, som i fylgje barna skal få lov til å vera med nokre år til.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.