okt 302014
 

Bib2
I morgon er det spøkjelsa sin kveld. Spøkjelsa og snopesvoltne barn i alle høve. På Folkebiblioteket i Bekkjarvik får dei to treffa kvarandre, i Rommet.

Frå lyset ute i biblioteket vert ein mest heilt blind når ein kjem inn i rommet. På ein stol sit ei svartkledd dame med ein edderkopptattovering i andletet. Ho skal lesa ei skrekkhistorie til fyrsteklassingane frå Selbjørn skule.
Bib1
Host
Soga, som handlar om ein Calle og gjenferdet på guterommet, vert ikkje uroa av så mykje som ei knappenål, der dei hypnotiserte barna sit mellom kingelvev og urovekkande ting på sylteglas. Det er på andre året at biblioteket si Halloween-oppkøyring har gjeve ei skrekkblanda fryd til skuleelevane, som eit grep for å gje nye lesarar eit minneverdig og friskt møte med folkebiblioteket. Sjefsskrømtet Laila Ester Reidunsdatter Årland trur at det virkar.
– I går vart det ein del skriking, så eg trur nok me vert hugsa, ja, ler ho.
Så langt i boklesinga til initiativtakar og heks-for-høvet Hanna Boyesen har det ikkje vore noko skråling, men det ordnar seg kjapt då det kjem eit diskret host frå forsamlinga. Høge protestar og skrik, med blenkande raude auge, torar frå eine spøkjelset i hjørna. No er det rett nok ikkje friflytande ander som klagar på hostinga, meir eit batteridrive spetakkel, men stemning vert det.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.