okt 302014
 

tom johnson - reservebilete
– Eg håpar alle i kommunestyret får presentert riktige tal og fakta før dei fattar avgjerda i ei så stor og viktig sak, seier rektor ved Kolbeinsvik skule Thomas Johnson.

 

Nedlegging er ikkje nytt for Thomas Johnson. Då han kome til Austevoll i 1982, var det 12-13 skular i kommunen. Sjølv byrja han som lærar ved barneskulen på Rabben. Då skulen vart lagd ned, fekk han arbeid som ungdomsskulelærar på same øy. Sidan han har vore tilsett ved Eidsbøen ungdomsskule og hatt undervisingstimar ved Trolandshamar ungdomsskule før han på 1990-talet byrja som lærar ved Vinnes skule. I 15 år var han rektor der, før økonomien påtvinga nedlegging i 2009.
Nedleggingsprosessen som går føre seg i dag, skil seg likevel ut. Rektoren reagerer på at heile strukturdebatten skal avgjerast på berre nokre veker.
– Eg synest saksgangen er problematisk, hovudsakleg av to grunnar. Seks av dei ni personane i brukargruppa meiner tala Sweco har kome med, er oppblesne. Det andre er påstaden om at ein større skule er meir framtidsretta. Kva ein framtidsretta skule er, bør i høgste grad diskuterast før eit vedtak vert fatta.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.