okt 312014
 

Dyrebeskyttelsen pakka 19 kattar inn i bilane sine i går, og tok ferda til Dyreklinikken på Tertnes. Tre har dei henta før, og framleis gjenstår ein god flokk, fortel friviljug Inger-Johanne Graff.

Skadane på kattane er ikkje dei verste gruppa frå Dyrebeskyttelsen har sett, men mengda halvville kattar har dei aldri sett maken til.
– Den eine katten hadde skada hornhinne, ein kattunge måtte gje tapt for øydelagde lunger, medan ein har fått sparka inn ribbeina etter kva dyrlegen seier, informerer Inger Johanne Graff Marsteinen om, frå staden ved det gamle pleie- og omsorgssenteret på Selbjørn. Kattane har over fleire år fått utsett mat, og har formeira seg ukontrollert.

Tre av villkattane frå Bekkjarvik lurer på når maten kjem på bordet. I dag er dei til utreiing og handsaming på Dyreklinikken.

Tre av villkattane frå Bekkjarvik lurer på når maten kjem på bordet. I dag er dei til utreiing og handsaming på Dyreklinikken.

Allereie i sofaen

Kattane frå Bekkjarvik vil verta steriliserte, vaksinert og vekkadopterte. Graff oppmodar no austevollingar til å gje ein ekte austevollkatt ein trygg og god heim, for dei kan temmast sjølv om dei er ville i dag.
– Folk vil gjerne ha kattungar, så det vert vanskeleg å gje dei eldre ein ny heim. Men dei vert tamme dei òg – den fyrste me henta her i frå ligg allereie og kosar seg på ein sofa.
Graff og resten av gruppa vonar no på å finna ei løysing saman med kommunen, og har fått audiens hjå ordføraren måndag. Eit alternativ kan vera å få ei subsidiert merking- og steriliseringsordning mellom dyrlege og kommune, slik at det ikkje vert kostnaden som stoggar folk i å hindra uynskt avkom.
– Me har ein katt som har vandra rundt Bekkjarvik torg i lang tid, og er så og seia tam, med berre ein stump til hale. Etter røntgentaking såg dyrlege teikn til kreftsvullar på mjølkekjertlane, ei vanleg biverknad av prevensjonspiller.
Det er òg ofte slike piller som er oppstarten til villkattestammar: Om huskatten tek seg ein lengre ferie frå heimen, vil ho ikkje få prevensjonen sin, og med det har ein allereie eitt halvvilt kull på gong.

Marsteinen vil oppdatera med meir om saka etter møtet med ordførar, politi og Dyrebeskyttelsen.
– Marius Løbø Fimland –