nov 062014
 
Bodil Lunde Rørtveit byr no på eit eigekomponert korverk med tema frå oppveksten i Austevoll – Hav. Foto: Vidar Hardeland.

Bodil Lunde Rørtveit byr no på eit eigekomponert korverk med tema frå oppveksten i Austevoll – Hav. Foto: Vidar Hardeland.

For Bodil Lunde Rørtveit er urpremiera på korverket Hav lika rundt hjørna. Men ferdig vert det nok aldri.

Austevollingen har lenge hatt lyst til å komponera eit reint vokalverk, og har det siste året arbeida ut tonane til tekstar av Nordahl Grieg.
– Ein bibliotekar tipsa meg om at tekstane hans er frigjevne no som det er 70 år sidan han døydde. Sjølvsagt! tenkte eg, det er dei eg må ha.

Planlagd improvisering

Hav, som komponisten karakteriserer som eit levande verk, finst dels på arket, og dels i augneblinken han vert framført. Improvisering vert ein viktig del av framføringa, som skal reflektera kjensla av havet.
– Noko av komposisjonen kjem heilt av seg sjølv, medan andre tema treng rammer for å koma fram. Eg ville i byrjinga at koret skulle læra seg verket gjennom lytting, men innsåg kjapt at eg burde gje dei noko meir handfast å jobba med, ler Bodil. Med ein fot i undervisningsskoen og den andre i frilans-komponist-motparten opnar Hav dørene mot å kunna både syngja, komponera og undervisa i framtida.
– Det aller viktigaste for meg er å syngja, og når eg komponerer får eg utfordra stemma mi på nye måtar.
Verket vil etter Bodil si meining verta tilgjengeleg og melodiøst for lyttarane, og ho ser ikkje vekk frå at dei vil freista på ei innspeling under ein av konsertane.
– Me må jo til Austevoll òg med Hav, men me har ikkje sett noko dato enno. Me kjem sikkert til å halda på med verket over lang tid.
Noko turné, for så å leggja det frå seg er ikkje aktuelt, snarare kjem koret til å henta fram att stykket i høvelege høve frametter, og tanken til Bodil er at stykket skal kunna framførast med ulike kor i framtida, alt etter kvar ho er i verda.